Sv: Hvordan slutte å trøstespise?
Frukt, eg har veldig trua på å skryte seg ut av dårlege vaner. Det hjelpte meg då eg slutta å røyke og då eg slutta å trøstespise. Eg begynner med å tenke at eg skal ta ein dag av gongen. Når eg har klart meg utan uvanen ein heil dag, skryt eg veldig av meg sjølv på kvelden før eg går og legg meg. Eg skryt gjerne litt til mannen også, eventuelt til andre som måtte orke å høyre på. Den neste dagen seier eg til meg sjølv at eg skal vere like flink som i går. Når det så har gått ei veke, seier eg til meg sjølv at nå er eg inni ein god steem, den skal eg ikkje øydeleggje for ein sjokoladebit eller ein røyk! Nå skal eg fortsette, eg har jo klart ei heil veke, det er jo idotisk å øydeleggje det nå, med å falle for fristelsen... osv.
Eg kjem aldri til å påstå at det er lett, men eg trur at det å vere stolt over å ha klart å la vere å falle tilbake i gamle vanar ein heil dag, er måten eg gjer det på, i alle fall.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|