Sv: Sykmelder kvinner seg for å "forebygge" sykdom?
Opprinnelig lagt inn av annemede, her.
Hjarteinfarkt er jo eit typisk eksempel på dette. Menn får vondt i venstrearmen, kvinner kan få vondt i ryggen.
Ja, nemleg. Og det er derfor eg stusser litt over at resonnementet som ligg bak ein del utsagn i denne (og liknande) diskusjonar:
Kvinner er oftare sjukemelde med diffuse plager, ergo kvinner er sløve og late.
Det kan jo hende det er eit kjønnsperspektiv som faktisk gjer at typiske kvinnesjukdommar er meir diffuse enn sjukdommar som opptrer like hyppig blant begge kjønn, eller oftare hos menn.
I tillegg lurer eg på om desse statistikkane, kor det blir sagt at Norge er på verdstoppen når det gjeld kvinner som er sjukemelde for muskel- og skjelettplager og psykiske plager er korrigert for andel yrkesaktive kvinner? Skandinavia er jo på verdstoppen når det gjeld likestilling i arbeidslivet og det er ikkje mange land i Europa at det er like vanleg som i Norge at mødre i etablerte parforhold er i full jobb. Vil ikkje fleire yrkesaktive kvinner føre til fleire sjukemelde kvinner?
Eg trur heller ikkje sjukelønnsordninga vi har nå, er bærekraftig og eg trur denne må endrast. Men eg synest debatten blir litt unyansert, når vi ikkje tar hensyn til andelen yrkesaktive kvinner, i dette reknesykket.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|