Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?
Dokker er lov i nynorsk no frå 1. august, både som subjektsform og objektsform.
Og elles er eg ikkje samd med deg, gajamor, eg trur ikkje ein enda større/total valfridom er vegen å gå. Skrift og tale er to ulike ting, og skriftspråket må alltid vere ei idealisering og forenkling i høve til talespråket. Det er berre ein representasjon, kor som er. Slik sett er det ingen skilnad på bokmål og nynorsk, og det synest eg heller ikkje det skal vere.
Og folk likar ikkje valfridom heller, dei likar reglar. Tru meg, eg har hatt fleire jobbar med element av språkrådgiving i seg, og folk blir berre sure og frustrerte om svaret på spørsmålet deira er «Båe er like bra.»
__________________
Prima (0503) et Secunda (0505)
“Do you find it easy to get drunk on words?"
"So easy that, to tell you the truth, I am seldom perfectly sober.” (Dorothy L. Sayers, Gaudy Night)
|