Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?
Opprinnelig lagt inn av bai, her.
Eg bruker anbehetelse-ord fordi eg har eit pragmatisk og kommunikativt formål med det eg skriv. I jobbsamanheng unngår eg det, men eg kan ikkje fordra å skrive "røynda" og "løyndom" og slikt. Eg trur at i eit kommunikasjonsperspektiv fungerer det betre å ikkje velje for tunge former.
Eg trur sjølvsagt også det, men nynorsken har ein tung bagasje av tradisjon, tabu, paranoia og vage kjensler av at noko ikkje er heilt bra, og det trur eg òg er mykje av problemet. Det er med på å få folk til å hoppe av som nynorskbrukarar, og det får folk til å vegre seg mot å lære nynorsk. At det liksom skal vere valfridomen i seg sjølv som er problemet, trur eg rett og slett ikkje på.
__________________
Prima (0503) et Secunda (0505)
“Do you find it easy to get drunk on words?"
"So easy that, to tell you the truth, I am seldom perfectly sober.” (Dorothy L. Sayers, Gaudy Night)
|