Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?
Opprinnelig lagt inn av Toffskij, her.
Eg trur sjølvsagt også det, men nynorsken har ein tung bagasje av tradisjon, tabu, paranoia og vage kjensler av at noko ikkje er heilt bra, og det trur eg òg er mykje av problemet. Det er med på å få folk til å hoppe av som nynorskbrukarar, og det får folk til å vegre seg mot å lære nynorsk. At det liksom skal vere valfridomen i seg sjølv som er problemet, trur eg rett og slett ikkje på.
Nå kan det hende eg ikkje forstod heilt kva du meinte, men eg trur heller ikkje valfridommen er problemet. Det handlar jo i stor grad om å velje ei linje og følgje ho sånn omtrent konsekvent. Eg vel for eksempel 'bare' og 'vi', ikkje 'berre' og 'me', delvis for å kunne legitimere valet av meir bokmålsnære former og moderat bruk av substantiveringar, ved behov, fordi det er praktisk i eit kommunikasjonsperspektiv. Det kjenner eg er nødvendig, dersom eg skal kunne bruke nynorsk som hovudmål, noko eg ønsker. Men eg får jo stadig kommentarar (eller stadig, eg har ikkje høyrd det sidan eg var ferdig på Blindern) om at når ein først skal skrive nynorsk, bør ein vere meir konservativ. Dette ser eg Frode Grytten og blir kritisert for, sjølv om eg meiner at hans tekstar er svært gode som "ambassadørar", nettopp fordi dei har eit veldig tilgjengeleg språk. Historia til ElinM over, trur eg er veldig typisk for folk som går over til bokmål.
Må for øvrig legge til at et valde å skrive masteroppgåva mi på bokmål, for å styre unna eventuelle surmaga sensorar, som kunne komme til å henge seg opp i denne typen val.
|