Sv: Grunnlovsendring?
Eg datt ut for lenge sidan. Omtrent der Støre kom inn, trur eg.
Men eg må likevel stille eit spørsmål til Våken, som sikkert høyrer til langt tilbake i diskusjonen.
Er det grunnlovsendringa som sådan (altså på innhaldssida) du reagerer på, eller er det måten dette blir gjennomført på?
Eg er nemlig mest interessert i innhaldssida, og det eg har lese så langt (frå seriøse kjelder som Aftenposten, HEF, kirken.no og KrF og AP sine nettsider), som dreier seg om innhaldet i endringane, synest eg er heilt på sin plass. Vi lever tross alt i eit langt mindre homogent samfunn nå som det nærmar seg 2014, enn i 1814. Og at landet si øvste lov tar inn over seg den pluralismen som innbyggerane faktisk gjenspeglar, er på sin plass. Viss det er innhaldssida som er problemet, er vi ueinige i sak.
Eg har ikkje sett meg inn i måten dette blir gjennomført på. Men eg ser at folk roper om statskupp, medier som er betalt av regjeringa for å teie saken ihjel og udemokratiske prosessar. Desse påstandane er så langt ubegrunna og svakt dokumenterte. Dersom eg burde frykte "statskupp", vil eg gjerne vite korfor.
|