Sv: Rettssaken
Mykje av "problemet" med tanke på straffeutmåling, er jo det at for at rettsstaten skal fungere (noko eg meiner er veldig viktig!), er det ein føresetnad at det er retningslinjer som blir overhaldne og at loven er lik for alle. I USA ville han kunne fått 77 livstidsdommer. Her kan han få 21 år. Det er ein enorm forskjell. Det synest urettferdig. Men å gå utanom loven og retningslinjene for straffeutmåling i einskildsaker vil vere å åpne for ei veldig skremmande utvikling. Rettssystemet skal ikkje og må ikkje ha rom for subjektivisme og relativisme. Dette vil undergrave eit enormt viktig demokratisk prinsipp! Det går an å seie at 22.juli- saken viser oss at det er behov for å auke strafferammene og gå gjennom dei rette kanalane for å gjere det. Men det er ikkje rom for å lempe på allereie etablerte rammer utan ei lovendring. Sjølv om det ABB har gjort er så grusomt at 21 års forvaring synest latterleg lite i forhold, er det pr. nå den strengaste straffa. Og å ikkje overhalde dette vil sette rettssikkerheit og demokrati i fare.
|