Sv: Fremmedspråklig vs minoritetsspråklig
Eg liker heller ikkje "framand". Det er noko med den distansa det ligg i det.
I den grad eg bruker "minoritetsspråkleg" så er har det gjerne vore om elevar eg har undervist i norsk som andrespråk. Då er det relevant, fordi dei beherskar norsk i liten grad og har ei utfordring og dermed kan sjåast på som ei gruppe (gruppa av mennesker som ikkje har utbytte av vanlege norsktimar i vanlege klassar).
Elles bruker eg gjerne etnisitet: "Venninna mi som har vekse opp i Etiopia" eller "Kameraten min som er frå Iran", i den grad det er relevant. Viss det ikkje er relevant, synest eg ikkje det er viktig å kalle folk noko spesielt.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|