Sv: I disse lavkarbotider ...
Det er heilt i orden å ikkje forsyner seg, det er jo mange grunnar til at folk ikkje spiser kake. Eg har fleire gongar avstått frå kaker o.l. fordi eg kjem rett frå middagsbordet, eller fordi eg rett og slett ikkje har lyst på. Eg håper ikkje eg er uhøfleg av den grunn.
Men personar som kommenterer høglytt at det ikkje er noko dei kan spisa, for deretter tilbringa resten av selskapet med vidare kommentarer om det OG spisa det likevel med klar beskjed om at dei nok blir dårlege, DÅ kjenner eg at det bobler i meg.
Eg strekker meg langt i å ha mat alle kan spisa. Delvis fordi eg er oppdratt slik, delvis fordi eg likar å testa ut nye oppskrifter. Men eg kjøre det ofte safe med å ha skåler med bær m/ vaniljekesam, nøtter, mørk sjokolade osv. i tillegg.
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|