Kva er egentleg greia med at alle skal like å gå på ski? Eg bur på ei øy, vi har kanskje 5 cm snø i 14 dager om vinteren. (Om ein ser vekk frå dei to siste vinterane då.) Og likevel ser folk rart på meg om eg seier at eg ikkje liker å gå på ski. For det er jo såååå gøy jo! Alle elsker det jo! Ut på tur, aldri sur! Nåja, kvar sin smak seier eg. Men eg må jo legga til at eg er vanvittig god på kakao i solveggen. 😀
Ungane likar det, men storesøster er vel den som er ivrigast. Er det snø så går ho i kanskje 30 min. Det er nok det. Lillesøster syns vel helst idéen om ski og skeiser er god, men vert fort lei. Skøyter er gøy derimot, så eg skal invistera i nye skøyter no. Og håpa på skøyteis i nabolaget.
På tirsdag skal skulen på kosemosetur i skiløypa og eg har bestemt at ungane skal ha med akebrett. Så får dei gå på ski, mens eg får den viktige oppgåva å frakta akebrett, mat, kakao, grillpinnar etc. inn til hytta.