Ingenting er som å bruke ein heilt søndagskveld på å lese ein lang og god debatt. Fine FP.

Eg har gjort meg fleire tankar medan eg las denne tråden (og tidlegare, medan eg har lese andre relevante innlegg i denne debatten).
1. Debatten er veldig polarisert. Det er ein diskusjon om deltid (og ikkje-likestilling) eller fulltid (og likestilling). Og det er ikkje tvil om at det er eit samfunnsproblem at så mange vel å melde seg ut av det arbeidslivet som legg grunnlaget for dei velferdsgodene vi har i Norge. Men kva er det eigentleg som er problemet og kva er årsakane til at så mange har behov for å prioritere bort full inntekt, full pensjonsoppsparing og bidrag til velferdssystemet, til fordel for meir fritid? Eg synest dette mangler i debatten (ikkje bare på FP, men i alle arenaer kor dette blir diskutert).
Er problemet at
tidsklemma er reell? Er problemet at kvinner ikkje lenger bryr seg om likestilling? Er problemet eit massivt forventningspress i arbeidsliv og familie (og er dette forventningspresset konstruert eller reelt, sjølvpåført eller påført utanifrå?)? Er problemet at det ikkje er nok likestilling på heimebane, slik at kvinner som vel å jobbe deltid samtidig tar 100% av husarbeid, med unnatak av det som har med bilen å gjere? Er problemet at ikkje alle har trua på å sende eittåringane sine i barnehage? Eller er problemet at det er ei gruppe kvinner som er late og egoistiske og ikkje bryr seg om velferdsstaten fordi dei heller vil interiørblogge og bake makroner (for eg har lese at cupcakes er ut, det er makroner som er tingen nå)?
Mitt inntrykk er ikkje at tidsklemmebegrepet er funne på av late kvinner som heller vil bake makroner og få tid til å trene bort alle dei ekstra kake-kaloriene dei får av denne bakinga. Tidsklemmebegrepet oppstod så vidt eg veit i ein kronikk som samlivsterapeut Sissel Gran skreiv på begynnelsen av 2000-talet. Det var eit begrep som beskreiv eit problem veldig mange av klientane hennar opplevde som høgst reelt.
Istadenfor å diskutere om det er moralsk riktig eller galt å jobbe heiltid eller deltid, skulle eg ønske debatten kunne flytta seg over til dei problemstillingane som ligg bak valet om å jobbe deltid. Statistikken seier at dei som kjenner på tidsklemma og vel å jobbe deltid, er dei som har lite fleksible arbeidstider og lite styring over eigen arbeidskvardag. Det er denne gruppa arbeidstakarar som opplever å bli slitne av å ha for lite fritid og som prioriterer ned arbeidslivet. Korfor er det slik?
Eg trur ikkje det er umogleg å kombinere arbeidsliv og familieliv. Men eg trur at det er tøft for mange. Eg trur og at det er mange grep som kunne vore gjort for å gjere arbeidsplassar meir kvinne- og småbarnsforeldrevennlege. Og eg trur vi må ta tidsklemmeerfaringa på alvor, ikkje bare blåse den bort med at det går jo så fint for så mange. Når 40% av alle kvinner er i deltidsstilling tyder det jo på at det er nesten like mange det ikkje går så fint for.
2. [PERSONLIG ERFARING] Før vi fekk barn hadde eg 9-timars arbeidsdag (med avspassering i lærarferiane) og mannen 8-timars arbeidsdag. Vi bur relativt langt (dvs. 15 min. å gå) frå nærmaste kollektivknutepunkt. Vi ønska ikkje å bruke bil på å køyre til og frå jobb. Derfor brukte vi mellom 45-60 minutter kvar, på å reise til og frå jobb, kollektivt (i kvar vår retning). Så lenge vi var eit barnlaust par, tenkte eg ikkje over kor mykje eg var borte heimefrå, for å komme meg til og frå jobb. Nå tenker eg på det. Viss eg skulle fortsette i same jobb til hausten, ville vi hatt store problem med å få kvardagslogistikken til å gå opp. Eg gjekk heimefrå i 7-tida og var heime i 18-tida. Mannen gjekk heimefrå i 8-tida og var heime i 18-tida. Eg veit ikkje korleis vi skulle fått dette til å gå opp med barn. Eg ser føre meg ulike løysingar, kor flytting og jobbskifte, kjøpe to bilar og køyre til og frå jobb er blant alternativa. Eg skjønner kor tanken om å jobbe deltid kjem inn, til tross for at eg "alltid" har fulgt SV si linje i desse spørsmåla. Grunnen til at eg deler dette, er at eg ikkje trur mi erfaring er unik. Eg er oppriktig nysgjerrig på korleis folk får til å kombinere to voksne i ein slik jobbkvardag med barn, sunn mat, nok søvn og eit minstemål av hygiene på heimebane. [/PERSONLIG ERFARING]
3. Det må gjerast noko med velferdsordningne i dette landet. Eg trur ikkje arbeidslivet er attraktivt nok (ref. NAV-tråden) og eg trur det er for enkelt å stille seg utføre, anten det er for å vere heime og ta imot kontantstøtte eller det er for å vere arbeidsledig i påvente av drømmejobben. Eg meiner at kontantstøtta bør kuttast, sjukelønnsordninga bør endrast slik at folk faktisk kjenner ordentleg etter før dei tar imot sjukepengar og det bør stillast større krav før dagpenger blir innvilga. I tillegg er det skremmande å sjå på 68-arane som har sikra seg mange rettigheiter og feite pensjonar, men som trekk stigen opp etter seg når dei nå går av med AFP heile gjengen. AS Norge kan ikkje fortsette på denne måten. Men deltidsarbeidande utgjer bare ein del av eit større og meir omfattande problem.
4. Og så eit spørsmål, fordi eg er nysgjerrig: Når vi snakker om at 40% av norske kvinner arbeider deltid, korleis er då denne statistikken laga? Eg kjenner fleire, både musikarar, skribentar og andre kunstnarsjeler, som jobber 50% i fast stilling for å ha økonomisk sikkerheit i botn og som bruker resten av tida si som frilanskunstnar. Eg veit ikkje om dette er ei stor gruppe, men desse jobber gjerne meir enn 100% i periodar med mange oppdrag. Er desse tatt med i statistikken over deltidsarbeidande?