Lisa skrev:
Jeg får ikke satt ord på hvor mye jeg "vokste" på å ta høyere utdannelse og hvor mye jeg har fått igjen i livet av denne investeringen. Og da snakker jeg ikke om yrke og lønn, men om ren personlig utvikling.
Dette momentet er ikkje nevnt av så veldig mange, men er svært viktig for meg. Eg ønsker sjølvsagt ikkje at ein skal gå på universitet berre for å surre rundt og drive sjølvutvikling; noko meir konkret må jo komme ut av det, men like fullt er dei åra på universitetet så gode, og eg ønsker veldig at mine ungar skal få oppleve det samme. Eg prøver sjølv å lære ungane mine kritisk tenkning, men ønsker veldig at dei får oppleve å gå på universitet der dette er satt meir i system. Eg håpar inderlig dei vel å ta høgare utdanning.
Så kan eg godt leve med at dei vel noko heilt anna; det skal eg akseptere, men ikkje før ho mor har utfordra dei skikkelig på yrkesval 😉 Både eg og mannen min har hovedfag/master frå universitet, og då peiker all statistikk på at ungane går same veg. Nå har vi flytta til ein stad der utdanningsnivået er lågare, så dette kan kanskje spele inn i vårt tilfelle.
Og ja, at dei får eit yrke dei trives i er klart det viktigaste, men eg meiner at der finst eit hav av yrker som krev høgare utdanning, og det bør da vere muligheter for å finne noko ein kan trives med.