Sv: Skal du reise utenlands i ferien? (Med poll)
Opprinnelig lagt inn av Simone, her.
Grunnen til at eg utheva sterkt frarådet var at det var akkurat den formuleringa millact brukte, og det virka som om det var slik du også oppfatta det som blei sagt på pressekonferansen, ut frå det du skreiv til løve70.
Eg syns generelt at folk er veldig snare med å dømme andre sine valg i denne Corona-perioden, både her inne og ellers. Eg tenker ein godt kan droppe det, sålenge andre sine valg faktisk ikkje er brudd på retningslinjer. Ingen av oss er eksperter på epidemiologi og smittevern. Eg kunne lata som eg var det, ut frå utdanning og arbeidsplass. Men nettopp på grunn av at eg jobbar der eg gjer veit eg at virusepidemiologi er eit såpass komplisert fagfelt at eg ikkje har kunnskap nok til å uttale meg. Så eg overlater vurderingane til dei som faktisk har satt seg grundig inn i det, dvs Folkhehelseinstituttet og Helsedirektoratet, som igjen støttar seg på internasjonal forskning. Og når dei kjem med ei anbefaling tenker eg at lekfolk ikkje skal dømme folk som faktisk forholder seg til anbefalinger som blir gitt. Ein kan sjølvsagt sjølv velge å vere endå strengare enn anbefalingane for å vere på den sikre sida, men ein kan ikkje forvente at andre gjer det. Og eg syns ikkje ein har rett til å vere sur på folk som ikkje er like forsiktig som ein sjølv, sålenge det er innanfor retningslinjene som er gitt.
Her om dagan høyrte eg f.eks. ein kollega snakke veldig nedsettande om eit familemedlem som hadde møtt opp i eit familieselskap dagen etter han kom igjen frå ein tur til Oslo. Kollegaen min meinte at vedkommande burde holdt seg meir eller mindre i karantene dei første dagane etter heimkomst. Såvidt eg kan sjå av informasjon på helsenorge.no og fhi.no står det ingenting om at ein bør holde seg heime dersom ein har vore i områder i Norge med meir smitte enn der ein bur til vanlig. Og det var ingen som var i ei spesiell risikogruppe i det familieselskapet, sjølv om eit par av dei var over 70. Så syns eg det er dårlig gjort å gå rundt og baksnakke ein person som har holdt seg til retningslinjene til punkt og prikke.
Eg følte meg også uglesett på jobb denne veka fordi eg møtte opp sjølv om eg hadde barn med lett feber og hoste heime. Han er testa for Corona og testen var negativ. Likevel merkar eg skepsisen til kollegaer rundt meg. Og eg syns det er ubehagelig. Eg kunne tatt heimekontor, men eg har finlest regningslinjene vi har fått, og det står ingenting der om at eg bør bli heime dersom eg har barn med forkjølelsessymptomer. Dersom eg sjølv får symptomer skal eg derimot bli heime. Og det er det eg har forholdt meg til.
Takk. Som jeg skulle sagt det selv. Å få et verbalt tonn med murstein over seg når man ikke har gjort noe annet enn å være glad for at reiseråd er endret, og forholde seg til dem, er ikke greit. Roa flettå, som vi sier her.
__________________
Ellisiv
2 jenter, -02 og -04
|