Sv: Ser du på hva andre kjøper i butikkene?
Eg bur i ein del av byen der eg trur der er større prosentandel enn vanlig som handlar grandiosa, cola, røyk, pølser, ferdige hamburgerar, ferdigmat frå kjøledisken, chips, og eit grønt alibi i kinakålen.
Det meste av dette er heilt greie varer sånn isolert sett, og noko av det kan også forville seg ned i vår korg. Men når dei opptrer i kombinasjon, og som det einaste eine eg ser i handlekorga, ja då må eg kikke litt. Sjangsen for å sjå solmodne tomater, aioli og økologisk lam i den korga er veldig liten.
I all min fordomsfullhet hygger eg meg med å ha ei handlekorg der over halvparten er frukt og grønt. Nå høyrer det med til i historien at vi har måtte legge om kosten på grunn av allergier og diverse hos jentungen. Og det får vi støtte frå staten for. Vi er heldige der, og brukar rubbel og bit av dei pengane til å kjøpe god og deilig mat som rekk til oss alle. Det meste av ferdigmat kan ho ikkje ete, og vi syns det er viktig at heile familien et den same maten.
Så ja.. eg kikker i korgene til folk. 
|