Sv: Hvordan få luftige brød og rundstykker?
Deig synk saman når ein tek i den etter at den er heva. Det gjer ingenting. Form bakverket til brød, rundstykker eller kva du har, legg det på steikebrettet og la det etterheve 15 minutt eller så før du set det i omnen.
Det er viktig å ikkje bruke for mykje mjøl, deiga kan godt vere litt klissete. Eg brukar som regel ein nøytral matolje på hender og benk når eg bakar ut, spesielt om det er andre ting enn brød. Då slepp eg at det blir for mykje mjøl i bakverket. Bakverka mine er som regel veldig luftige og gode når dei er ferdige, men deiga ramlar altså tilsynelatande godt saman når eg skal bake den ut etter første heving.
|