Sv: Hvordan uttales navnet Ellisiv?
Eg har flytta ein del i oppveksta og har budd på fleire kantar av landet og dermed er det veldig naturleg for meg å uttale Elin og Heidi med tonem 1 eller tonem 2, alt etter kva Elin og Heidi gjer sjølv. Eg synest ikkje det er å strekke seg langt. Eg spør og gjerne Magnus og Hogne om dei vil at eg skal uttale namnet deira med eksplisitt g eller ŋ- lyd. Men Maren og Anders uttaler eg på vestlandsmåten. Det blir meir dialekt.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|