Sv: [spinoff] Hvorfor tror du på Gud?
Opprinnelig lagt inn av Katta, her.
Jeg synes det er fint og interessant å lese om hvorfor man velger å snu ryggen til kirka eller bli sint på den. Noe dreier seg kanskje om usunne maktstrukturer, men ikke alt vil jeg tro. Det vokser jo opp barn idag også, og håper de ikke får de samme negative opplevelsene.
Eg tenker at mitt val i stor grad handler om usunne maktstrukturar. Men ikkje bare, det handler i like stor grad om at eg gjennom over tjue år av livet mitt har prøvd å vere noko meir enn eg er, eg har prøvd å tru, men ikkje fått det til. Og innafor den formen for predestinasjonstenking som ein finn i trua som gave-retorikken, blir det å ikkje klare å tru eit enormt nederlag på eit eksistensielt nivå. Dersom ein trekk resonnementet langt nok, blir konklusjonen at ein ikkje er (skapt?) god nok til å få den gaven frå Gud. I alle fall blei det slik eg tenkte. Og for min del kom eg bare til eit punkt der eg måtte legge bort dei tankane.
Eg tenker ofte på religiøsitet som ei eigenskap ved individet, på linje med kreativitet og musikalitet. Ein del ha ei åndelig side som ein veldig klar del av personlegheita, medan andre har ikkje den same dimensjonen som så klar i identiteten sin. Eg aner ikkje om dette stemmer, men viss det er slik, vil det jo vere forskjeller på barn som veks opp nå og.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|