Sv: Heikki Holmås sin tweet
Eg blir heilt handlingslamma av denne tråden, og lurer på kor dei er alle dei reflekterte FF-folka er - dei som ikkje ser svart-kvitt på ei sak, men ser gråtonar og heile spekteret.
Og kvifor trur de at det vil bli grønare politikk om V og KRF samarbeidde med AP? Det er antagelig meir å hente hos Høgre, for dei snakkar varmt om å komme oss ut av oljeavhengighet og satse på ny teknologi og forskning. Eg stør heller ikkje FrP sitt syn på menneske og innvandring, men eg stør heller ikkje AP sin systempolitikk der eg føler meg knebla og umyndiggjort. Og sjølv om eg stemmer Venstre, så er eg ikkje tilhengar av FrP. Eg ønsker meg mest mulig grøn sentrumspolitikk.
Gah, dette blei veldig usystematisk og rotete, meg er er mest av alt sjokkert.
(og til Holmås - nei, han treng ikkje be om unnskylding for å seie at FrP er høgrepopulistisk. Men det er feil å i samme åndedrag dra inn parti i naboland som er lengre ute til høgre enn det FrP er. Sagt i den settingen som vi er i nå, så blir dette uklok, unyansert og framstår som skadefryd)
Edit: tok bort usaklig setning som eg burde ha tenkt over:
Og kvifor i all verda er det sånn at på grunn av FrP så skal alle parti livredde trykke seg inn i eit hjørne? Medan FrP-musa står midt i rommet? Eg vil mykje heller argumentere, forhandle, ansvarleggjere og arrestere.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
Sist redigert av Syrin : 13-09-13 kl 13:39.
|