Sv: Høyre og Frp vil sette sosialklienter til snømåking
Mitt inntrykk, basert på venner og kjende, er at det er sosialt akseptert å velje NAV i påvente av DrømmejobbenTM. (Eg var ferdig å studere i 2010). Folk med mastergrad køyrer ikkje postbil eller jobber som lagerhjelp på IKEA, medan dei er jobbsøkarar.
Sjølv var eg som sagt ferdig utdanna tidleg i 2010. Eg ringte fore skular og sa at eg trengde vikaroppdrag, og fekk 110% jobb på ståande fot. Tre månadar som vikar, med avtale om at eg fekk fri utan lønn for å gå på jobbintervju, eg var jo primært jobbsøkar. Ei anna medstudent valde jobb på eit kundeservicesenter. Dei andre 12 som leverte det semesteret, gjekk på dagpenger frå nav, medan dei søkte på relevante jobbar. Eg synest det er rart at det er lov.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|