|
|||||||
| Økologisk og diettmat Forum for diskusjoner om og deling av oppskrifter på diettmat og økologisk mat. |
|
|
Trådverktøy | Visningsmåter |
|
|
#11 |
|
Librocubicularist
|
Sv: LavkarboEg deler Pøbelsara og legen sin skepsis. Til tross for at eg har betydeleg overvekt eg bør kvitte meg relativt raskt med med av helsemessige grunnar, vurderer eg ikkje lavkarbo. Eg vil ha eit sunt og bærekraftig kosthold, så for meg blir det å kutte ut grove kornprodukt og rotgrønnsaker uforsvarleg miljømessig. Eg trur ikkje at det å erstatte karbohydrater med fett kan vere bra for kroppen på lang sikt, heller. Personleg har eg trua på grovare, meir fiber og meir grønnsaker, mindre halvfabrikata og meir grønnsaksbasert mat frå botn av. Etter at eg la om kosten i denne retningen har eg gått ned fem kilo på 2,5 månad. Det er ikkje like raskt som lavkarbo, men det er i alle fall noko eg personleg kan leve med.
Ein spis jo mykje mindre bærekraftig mat på Lavkarbo enn andre diettar. Viss det skal vere nok mat til alle folk i heile verda, må vi spise mindre animalske produkt, ikkje meir.
For meg blir det meiningslaust å kutte ut grove kornprodukter, rotfrukter, bønner, linser og anna bærekraftig mat med kjøtt og egg, slik den globale befolknings-, mat- og resurssituajsonen er nå. I tillegg til det som går på CO2-utslepp i kjøttindustrien, har vi mengden bærekraftig mat som går med for å fore kyr, svin og kyllingar til mat- og eggindustrien. Når vi spis kjøtt av dyr fora på korn, istadenfor å spise kornet, blir 90% av energien borte på vegen, ifølge Grønn Hverdag. Å kutte ut desse matvarene er i mine auge heilt uforsvarleg etisk, både med tanke på miljø og med tanke på den totale mengda matresursar som skal fordelast på verdas befolkning. Vi må spise mindre animalske produkt, ikkje meir, viss det skal vere mat nok til alle.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable. Sist redigert av nokon : 16-05-13 kl 07:21. |
|
|
|
|
|