Sv: Grønn hverdag: Kaffekapslene er et miljøproblem
Opprinnelig lagt inn av bai, her.
Vi fekk nespressomaskin til bryllupet for fem år sidan og kjenner litt på dårleg samvit kvar gong eg tømmer maskina for kapslar. Eg er klar over at nespressomaskinen er "min miljøversting", og bruker mykje presskanne viss eg skal drikke kaffe utover dagen. Sidan eg normalt er opptatt av miljø, kjenner eg likevel at eg er ambivalent i forhold til denne maskinen og eg ville ikkje vald ein slik variant, viss eg hadde kjøpt kaffemaskin sjølv. Samtidig var ikkje dette ei problemstilling eg tenkte på, før vi begynte å kaste brukte kapslar, og då hadde vi allereie tatt maskina i bruk. Så eg vel å bruke nespressomaskina fram til ho er utslitt, men når den er oppbrukt vil eg gå for noko meir miljøvennleg. Eg vil og gjerne kunne bruke fair trade- kaffe. Men eg kaster ikkje ein brukbar maskin og kjøper ny, som er meir miljøvennleg.
Når det er sagt synest eg det er heilt greit at folk fortel meg at eg bør ha dårleg samvit for å bruke nespresso. Eg treng påminningar om at eg kan tenke meir på jordkloda, og viss vi slutter å minne kvarandre på det "fordi alle andre er så mykje verre, køyrer bil og fly og bruker mac og spis sjokolade", trur eg det er fort gjort å gløyme å tenke på jordkloda. Eg sett pris på slike innspel og eg tenker at det er fint at vi kan minne kvarandre på kva forbruk av alle slag faktisk gjer med planeten.
Ja, det er jeg absolutt enig i, men man trenger jo ikke å stille seg til doms over andres valg av den grunn. Det er tross alt summen som betyr noe. Det hjelper ikke om du skipper kapselmaskinen og kjøper ny ipad i lengden.
Bare sånn for artighets skyld. Hvis man virkelig er opptatt av dette, kan man ikke da bare pelle kaffen ut av nespressokapslene og sortere avfallet i henholdsvis matsøpla og glass- og metallkonteieren?
Våre er laget av plast så vi hiver det med plasten.
__________________
(2005) (2010) (2012)
|