Sv: ABB ikke strafferettslig tilregnelig, hva tenker du om det?
Opprinnelig lagt inn av Tallulah, her.
Jeg snakker ikke om det, bai, men om konspirasjonsteoriene deres. De er absolutt vrangforestillinger, ofte svært paranoide. På dette grunnlaget dannes endel av ideologien.
Eg trur det skal litt meir til, for at noko skal definerast som vrangforestillingar, men her er eg på tynn is.
Viss konspirasjonsteoriane er vrangforestillingar, er det rart at Huntington blir sett på som ein framragande vitskapsmann og at Bush ikkje blei redusert til ein som lid av vrangforestillingar, då han kom med sine utspel om sivilisasjonskonflikt.
Ikkje gløym at fram til omkring 1933 var dette tankegodset både legitimt og allemannseige. Sigrid Undset protesterte mot tanken om nasjonalstaten bare var for reine etniske grupper på 20-talet, og møtte sterk motbør. Sjølv om konsekvensene av ideologien har vore grusomme handlingar både under Hitler, i Rwanda og på Utøya, er ikkje det å tru at etniske grupper har det best når dei lever segregert ei vrangforestilling, men ein etablert politisk ståstad.
Eg trur det er farleg å redusere ideologien og desse konspirasjonstankane til vrangforestillingar, fordi det tar litt av brodden ut av det heile.
|