Sv: Tv-vanar - bruk av norske kanalar
Opprinnelig lagt inn av SiriP, her.
Og akkurat det med å ikkje ha fått med seg om overgrepssaka i Alvdal, har vel kanskje ikkje så mykje med tv-vaner og gjer. Det har i alle fall ikkje vært mogeleg å lesa nokre norske aviser uten at den saka har vært nemnt.
Jo, det skal godt gjerast å ikkje få det med seg - eg er klar over det. Eg les Dag og tid i papirversjon, og dei skriv om heilt andre ting, og så les eg Bergens Tidene på nett. Dei har nok hatt saka, om enn ikkje som hovedsak alle dagar. Så jo, eg kunne ha klikka meg vidare. Eg har nok unngått det bevisst også. Når eg i tillegg ikkje ser norske nyhende har eg blitt veldig skjerma.
Forresten må eg berre få sagt ein ting: eg syns ikkje det er flaut å vere lite orientert om det alle andre orienterte om (i særleg grad populære underhaldningsprogram), men eg meiner heller ikkje at det er åndeleg forsøpling å følge med på det heller. Det er ikkje meir "høgverdig" å ikkje vite kven Jan Thomas er.
|