Sv: Norges største universitet klarer ikke å skrive riktig nynorsk
Eg forstår kvifor mange meiner at det er nok å forstår det og kunne lese det. Eg er med på at det å kunne SKRIVE det er eit hakk meir i innsats for bokmålsbrukaren. Problemet er at det er nettopp det nynorsk treng for å overleve. For at nynorsk skal opplevast som like lett å skrive for bokmålsbrukaren (som bokmål i dag er for nynorskbrukaren) så må ein vere meir utsatt for det. Det må vere meir vanleg i litteratur og media, Og på nett. For å få til det må jo nokon skrive nynorsk. Det held ikkje med mitt vesle bidrag liksom (og ein del andre så klart). Svært mange sluttar med nynorsk, f.eks når dei startar på universitetet - fordi alt her er lagt opp til bokmål. Å skrive nynorsk blir alltid kommentert (gjerne positivt, men nesten like gjerne som litt latterlig). Ein del dustar tar det ikkje seriøst, og eg veit at ein del folk hoppar over innlegg skrevne på nynorsk. Nuvel.
Hovespørsmålet er vel om ein skal ha nynorsk eller ikkje. Skal ein ha det, så må nynorsk undervisast i.
|