Sv: Norges største universitet klarer ikke å skrive riktig nynorsk
Opprinnelig lagt inn av cuyahoga, her.
Jeg finner ingen linker i farta, men er det ikke sånn at elever som har nynorsk som hovedmål har bedre sidemålskarakter (i snitt) enn elever som har bokmål som hovedmål?
Eg vil tru at statistikk viser dette, men er jo ikkje sikker. Har også høyrt at dei som brukar nynorsk på universitetet har jevnt over betre karakterar enn andre.
Når det gjeld det at elevar blir forvirra over å måtte lære norsk på to måtar - eg har inntrykk av at nynorskbrukarane ikkje blir like forvirra. Og det er ikkje fordi at bokmål er "lettvekter" i forhold - altså eit enklare språk. Eg trur det heller må vere at nynorskelevane får bokmål inn via media og bøker, og lærer seg dette nokså lett. Bokmålsbrukaren får altfor lite nynorsk input, og vil derfor ha større vanskar. Dei er rett og slett understimulert på nynorsk.
(for nynorsk er ikkje vanskelegare enn bokmål å lære - eg tippar at nynorskelever lærer like raskt å lese og skrive som andre).
|