Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Generell diskusjon > Nyheter og media

NAV - Trygd - det hardner til for oss kronikere

Nyheter og media Forum for diskusjoner av nyheter og artikler. Husk å lenke til aktuell artikkel i første innlegg, så meddebattantene får mulighet til å sette seg inn i temaet.

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 24-11-10, 01:40   #10
Tante Sofie
Bladibladiblaah!
 
Tante Sofie sin avatar
 
Medlem siden: Oct 2007
Hvor: Kardemommeby
Innlegg: 1.484
Tante Sofie imponerer mange og er sikkert smartTante Sofie imponerer mange og er sikkert smartTante Sofie imponerer mange og er sikkert smartTante Sofie imponerer mange og er sikkert smartTante Sofie imponerer mange og er sikkert smartTante Sofie imponerer mange og er sikkert smart
Standard

Sv: NAV - Trygd - det hardner til for oss kronikere

Har jobba meg gjennom heile tråden!

No veit ikkje eg kvar den enkelte FP-ar er busett her i landet, men eg vil påstå at det er store forskjelar på kor langt NAV har kome både frå fylke til fylke, og også innad i dei forskjellige fylka. I enkelte kommunar vart NAV etablert for fleire år sidan, og er no relativt velfungerande ifht mange av dei problema som vert skisserte her. Andre stadar (f.eks store delar av austlandet) venta kommunene lengst mulig med å etablere NAV, og befinn seg difor framleis på spebarnsstadiet.

I små kommunar har ein i større grad komt i mål med intensjonane for NAV; at kunden skal gå inn ei dør og ha ein saksbehandlar, uavhengig av kva yting ein treng. Får du oppfølging ifht ufør og står utan pengar, er det den samme saksbehandlaren som skal hjelpe deg med utfylling av sosialhjelpssøknaden. Då får saksbehandlaren eit mykje meir heilskapleg bilde av situasjonen til den enkelte, og vil i større grad kunne yte betre hjelp. Trur eg.

I mange byar har ein (av ulike årsaker) framleis ei tredeling innad på kontoret, sånn at ein kunde kan risikere å måtte stå i tre køer for å få hjelp: ein saksbehandlar ifht arbeidsretta tiltak, ein annan ifht trygdedelen, og ein tredje vis vedkomande i ei periode må søke sosial stønad. Det er ikkje greit! Då gjer ein kunden til ein kasteball.

Dette til forsvar for NAV.

Når det gjeld hovudtemaet i denne tråden, trur eg det er like mange løysningar som det finns menneske. Eg trur ikkje at det finn ei enkelt løysing på problemet, men ein hadde kanskje komt eit stykke på vegen viss ein vidareutvikla IA-konseptet ein smule, sånn at det vart større rom for dei som ikkje ikkje passar inn i ei A4-stilling. Altså høgare fokus på tilrettelegging, sånn at det løner seg både for arbeidstakar og arbeidsgivar.

Elles: Viss ikkje den enkelte saksbehandlar maktar å gjere kunden bevisst sine muligheter, og hjelpe h*n til å finne noko som kan føles meiningsfullt, kjem ein ingen veg verken med klapp eller spark. Og så er det alltid nokon som treng ei aldri så lita realitetsorientering før ein går vidare, men viss ikkje det vert gjort på ein respektfull måte, gagnar det ingen. Trur jamnt over at det finns få "ekte" svindlarar, men at dei som kan framstå som det, er eit resultat av haldningane i samfunnet når det kjem til våre soleklare menneskerettarTM i velferdsstaten Norge. (Nei, eg har framleis ikkje dreisen på den TM-en..)

Eg meiner:
-Det er ein menneskerett å velge å ikkje jobbe, for dei som er i ein situasjon der det er mulig. Det er ikkje ein menneskerett å få betalt for det.
-Det er ein menneskerett å få jobbe/vere i meiningsfull aktivitet. Det er ikkje ein menneskerett å få akkurat den jobben ein ønsker mest av alt (droppa ut av ungd.skulen, vil kun jobbe som astronaut).
-Det er ein menneskerett å få behandling ved sjukdom. Det er ikkje ein menneskerett å få akkurat den behandlinga ein sjølv ønsker (legen veit kanskje betre?)
-Det er ein menneskerett (i Norge) å ha tak over hovudet og mat på bordet. Det er ikkje ein menneskerett å ha like stort hus som Røkke og biff til middag kvar dag.
-Det er ein menneskerett å utdanne seg innforbi sine evner. Det er ikkje ein menneskerett å utdanne seg til noko ein ikkje er kvalifisert for.
-

Etter å ha lest tråden, er eg på eit vis enig med dei fleste, kvart på sitt vis, så sånn sett har alle rett. :kumbayah:

__________________
05 - 06
Tante Sofie er ikke aktiv   Svar med sitat
 

Emneord
arbeidsavklaringspenger, holdninger, kroniker, nav, syk, trygd


Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 03:24.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2025, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no