Sv: Reborndukker
Opprinnelig lagt inn av Blondie, her.
Hva var så ille med den? Hadde ingen gjort meg oppmerksom på at det var en dukke så hadde jeg nok trodd at noen hadde villet vise frem babyen sin.
Det at den såg død ut. Eg har sett eit bilete av eit par palestinske ungar som hadde vorte ramma av ei bombe ein gong. Dei likna litt på denne, minus det smil-liknande i munnvika. Det var eit frykteleg bilete, og eg hadde vondt inni meg lenge etterpå...
Det er tydelegvis litt forskjell på korleis vi konseptualiserer desse dokkene her inne. Fleire enn eg synest dei ser døde ut, men nokre gjer jo ikkje det. Sjølvsagt er det heilt greit å ikkje synest det! Ikkje misoppfatt meg, det er lov å vere usamde. Men prisen og vekta og evt. dårleg leike-kvalitet synest eg er "objektive" trekk som tel ned med tanke på å bruke desse som leiker.
|