Sv: Norges største universitet klarer ikke å skrive riktig nynorsk
Eg meiner det er eit viktig poeng å lera båe målformene. Ikkje berre for å kunna lesa nynorsk utan at ein føler at forståinga av det ein les saknast, men og av di det er god trening for hovudet å lera seg å skriva rett på to målformar som er så pass like. Vert litt som ein del av matematikken som strengt tala dei færraste får bruk for i praksis, men som er god lerdom for å trena hovudet i matematisk forståing.
For min eigen del, som tung nynorskbrukar, har eg etterkvart funne det faktisk lettare å uttrykka meg skriftleg på engelsk enn på bokmål. Greier meg i alle høve fint med det så lenge eg ikkje er tvungen til å nytta bokmål.
Og ein kjem ikkje utanom at nynorsk er langt venare enn bokmål. Er ikkje for ingenting at det finaste norske ordet uansett målform vart "kjærleik" når Noreg sitt folk fekk uttala seg om saka.
Elles er det ikkje så mange som nyttar nynorsk i daglegtale - dei einaste eg har møtt på som gjer det er enkelte innbarka NRK-journalistar - jamnt over nyttar vel dei fleste dialekta si.
__________________
Rart er fint
|