Sv: Er man lat hvis man ansetter vaskehjelp / hushjelp?
Eg ønsker meg vaskehjelp, og det er fordi eg er lat. Det tar jo ikkje SÅ lang tid å ta helgevasken i ei leiligheit på 80 kvadrat. Og no når eg har pemisjon burde eg absolutt klare å få tid til det. No har eg f.eks surfa på nettet i snart ein time. I løpet av den tida kunne eg ha støvsugd her og tatt badet. Kanskje eg hadde fått skifta på sengene og.
Det blir vaska altfor sjelden her. Og grunnen er rett og slett at både eg og mannen hatar å vaske. Vi har prøvd å skjerpe oss fleire gangar og innføre faste dagar då ting skal gjerast, men det sklir alltid ut igjen etter ei stund. Så no har eg innsett at dersom det skal sjå nokonlunde skikkelig ut her så må vi skaffe oss vaskehjelp. Då tenker eg eit par timar kvar torsdag for å få vaska badet og vaska over golva. Resten bør vi klare sjølv.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|