Sv: Forakten for de uføre (spinnoff?)
Først: det niobe seier, er viktig.
Det handler om perspektiv. Eg seier ofte til folk som syns det er trist at eg ikkje kan jobbe fullt, at eg kan enten vere sur og sint og bitter for det, eller takknemlig for å ha krefter til å jobbe i 40-50 %. Eg vel det siste, kvar einaste dag.
Men eg er heldig, for eg har høg utdanning og ein sjef som er fin, og ein arbeidsplass som legg til rettes. Den "gryta" som vert nevnt over hadde nok vore positiv for nokon, men eg kjenner at den måten eg kan jobbe på som lærar, er den einaste jobben som kan funke for meg som må heim og kvile i to timar etter tre fire timar på jobb. Dessuten vil eg bruke utdanninga mi. Det ligg mykje identitet og verdighet i det. Det med alltid innlagt sovetid er kvardagen min, og det alle mest frustrerende, er at igjen andre enn mamma og mannen min og ei venninne fullt ut forstår korleis eg har det og kor fort kreftene tar slutt.
Det å planlegge ut fra at ein nesten kvar dag må sove midt på dagen for å klare resten av dagen, og å aldri vite kva dagsform ein er i når ein vaknar, eg ganske frustrerende, og svært slitsomt psykisk. Men ein lærar seg å leve med det. Og sånn går no dagan.
__________________
 05
|