Sv: Noen er likere enn andre - likhet for loven?
Eg synest saker som sakene til Neda og Nathan og for så vidt og Maria Amelie, er vanskelege. Eg er langt på veg einig med Shute, reint prinsippielt. For det er problematisk når foreldre trenerer prosessen, lyg om identitet og mangler papir. Det kan ikkje vere slik at bare dei har klart å hale det ut, lenge nok, skal dei få bli fordi dei har barn. Det vil undergrave asylinstitusjonen, ein institusjon som må fungere.
Samtidig er det desse einskildsakene, desse barna. Det er brutalt, når vi ser på einskildskjebnar. Sjølvsagt er det foreldra som er ansvarlege for at barna har vore så lenge på asylmottak. Men det er like fullt brutalt. Eg sy ser Mustafa Can sett ord på den ambivalensen eg og kjenner på: http://touch.vg.no/article.php?artid=10104435.
Eg synest heller ikkje det er uproblematisk å sende ein 12-åring som talsperson for familien, i media, som i saken til Neda. Det vekker sympati, ja. Men barnet burde blitt skåna, ikkje fronta.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|