Sv: Hallovenn vs Halloween? (med poll)
Her feires ikkje Halloween, så den saker er jo grei. HalloVenn vert berre rart i mine auge. Enten feirer ein Halloween, eller så lar ein vera. Å bytte det ut med noko anna, vert litt "me er så mykje meir fonuftige og ordentlige enn alle andre, sådetså." Nåja.
På 3. juledag kryr det derimot av ungar iført kostymer, poser, lommelykt og refleksvest som spring frå hus til hus, og gauler julesanger så til og med dei mest tunghøyrt får det med seg. Så er det samling i diverse hus med godteri og film, og kanskje drypper det bittelitt på oss vaksne. 
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|