Sv: De som skriv nynorsk, brukar de a- eller e-infinitiv?
Opprinnelig lagt inn av Polyanna, her.
Og at lange ord får -e og korte -a, men kva som er eit "kort" ord, det må ein kjenne historia til ordet for å vite, for det kjem av på kor langt det var (i uttale) på norrønt? Ja?
Poenget er at du ikkje kan sjå det på orda lenger, av di det seinare skjedde ei utvikling i stavingssystemet, den såkalla «kvantitetsomlegginga». I praksis vil det seie at du ikkje kan ha ein kort vokal og ein kort konsonant saman i ei staving, og heller ikkje ein lang vokal og ein lang konsonant. I norrønt kunne du ha båe – det var fire moglegheiter (som på finsk):
kort vokal – kort konsonant
kort vokal – lang konsonant
lang vokal – kort konsonant
lang vokal – lang konsonant
Norrønt hadde kort konsonant + kort vokal i infinitivar som vera, bera, koma, men i moderne norsk har ein (i dei aller fleste dialektar) lang e/æ i dei to fyrste og lang m i det siste orda, så dei høyrest nett ut som ord som hadde lang vokal + kort konsonant på norrønt. Men i eit system med kløyvd infinitiv vil dei ha a-infinitiv. Årsaka er utjamna, men konsekvensen er der framleis. Ei gåve frå fortida!
Så ja, om du skal bruke kløyvd infinitiv, må du anten ha ei dialekt med eit godt bevart kløyvingssystem, eller du må vere sprut galen og veldig god i norrønt. (Ja, dei finst!)
__________________
Prima (0503) et Secunda (0505)
“Do you find it easy to get drunk on words?"
"So easy that, to tell you the truth, I am seldom perfectly sober.” (Dorothy L. Sayers, Gaudy Night)
|