Den økonomiske krisa fører nok til dårligare arbeidsmiljø for dei ansatte også, både på resorts og mindre hotell. Det er så mykje arbeidskraft å ta av at hotelldirektøren kan sparke folk for det minste feiltrinn. Det er enkelt å finne ein ny person neste dag, for folk står i kø for å få jobb. Men dette trur eg ikkje gjeld berre resorts, det gjeld alle service-jobbar i Sør-Europa.
Eg hadde ein ubehagelig opplevelse på Sunwing i Alcudia på Mallorca for to år sidan. Den dagen vi kom til hotellet kom vi veldig seint, etter midnatt. Vi hadde tenkt å gå rett i seng, men oppdaga at det mangla hodeputer til ekstrasengene i sovesofaen. Eg gjekk derfor ned i resepsjonen og spurte om vi kunne få to puter. Han som satt i resepsjonen sa då at han først ville bli med meg opp på rommet og leite, for viss han skulle ta to puter frå lageret måtte han registrere årsaka i systemet, og då ville ho som hadde klargjort rommet mest sannsynlig få sparken neste dag! Han blei med meg opp og fann heller ingen puter, men eg ba han likevel om å droppe å registrere det. Vi kunne heller klare oss uten puter første natta. Dagen etter fant eg dei to putene i eit "hemmelig" rom under bordplata på eit hjørnebord. Så dei var der heile tida!
Denne episoden sjokkerte meg, men eg tenkte aldri at dette hadde noko å gjere med at eg var på eit resort-hotell. Eg tenkte at det var fordi Spania var i ei stor økonomisk krise med stor arbeidsløyse. Skruppellause hotelldirektørar kunne difor sparke folk over ein lav sko og erstatte dei dagen etter.
Dette er den einaste gangen eg har observert det eg vil kalle dårlige arbeidsforhold på eit resort-hotell. Stort sett syns eg det ser ut som om dei som jobbar der trivast. Tullar og tøyser med sjefen i restauranten og ser ikkje ut til å vere utsatt for truslar om oppsigelse om dei knuser ein tallerken eller to. Men dei jobbar nok veldig mykje, og lønna er sikkert dårlig.
Simone
2,9k innlegg