Toffskij
57k innlegg
Eg synest det er moro å skrive nynorsk, sånn jamnt over, og så synest eg det er heilt slåande kor mykje betre fleire av dykk har blitt berre med litt øving. Det funkar! 😀
Tallulah skrev:Eller, Det norske kanskje?
Tallulah skrev:Eller, Det norske kanskje?
Polyanna skrev:Eg gløymer meg heile tida, særleg når eg skal svare kjapt.
Rare greier. Det går heilt automatisk å skrive nynorsk når eg skriv til foreldra mine, bror min og eine søskenbornet mitt, men til søstra mi går det på bokmål.
Che skrev:eg har facebook på nynorsk innstilling. Det er mykje betre å dulte og dulte attende enn å poke.
Che skrev:eg har facebook på nynorsk innstilling. Det er mykje betre å dulte og dulte attende enn å poke.
Lille*My skrev:Slik er sambuaren min og. Han skriv nynorsk til familien sin, men bokmål elles. Tidlegare skreiv han nynorsk heile tida, men fekk så mykje tyn og kommentarar (IT-bransjen, privat næringsverksemd med hovudtyngd av kontaktnettet i Oslo og Vestfold) at han til slutt ga opp, og gjekk over til å skrive bokmål i jobbsamanheng.
Han pratar fortsatt dialekt, men får mykje tyn og "morosame" kommentarar for det og, av godt vaksne mannfolk. Ikkje i og rundt Oslo, der er vel folk vant med litt forskjellig, men særleg litt lenger sør, i Sandefjord og omegn, ser det ut til at vestnorske dialekter fortsatt er noko eksotisk og framand, som må kommenterast og hermast, i alle passande og upassande samanhenger.
Logg inn for å svare i denne tråden.