Magica skrev:Eg vil gjerne skrive god nynorsk, men slit med at eg ikkje har godt ordforråd eller setningsoppbygging. Eg har berre hatt liksom-nynorsk på ungdomsskulen og litt på videregåande (handel og kontor), men skulle eigentlig brukt nynorsk meir i jobben min. Er heilt amatør. Har og fått kritikk av nynorsken min i jobbsamanheng (var ikkje noko kjekt).
Kanskje ein trøyst at nokre på jobben din og har prøvd å korrigere min nynorsk, sjølv eg var ein av få i rommet med den målforma som hovudmål? Det er ein del som blir så opphengte i å gjere rett, at dei gløymer at også nynorsk er eit levande skriftspråk, med stort rom for variasjon. Min nynorsk er relativt gamalmodig, med mange gamle ord og former, men den speglar det språket eg snakkar. Det har vore snakk om å lage ein nynorsk-standard i enkelte offentlege etatar. Heldigvis har dei aldri slått gjennom, på tross av sterkt press frå ein del av leiinga. Eg ville aldri gått med på å skrive skole, berre fordi det står i ein lokal norm. Eg seier skule og skriv skule. På same vis står du heilt fritt til å skrive eit bokmålsnært nynorsk, med utgangspunkt i di dialekt.
Den nye leiaren av mållaget er fin på det viset. Han har hatt stort hell med å lære opp austfoldingar i at "i dei orda der de seier -ær, skal de skrive -ar. Til dømes bilær, båtær og bussær". Ta utgangspunkt i dialekta di, følg nokre enkle reglar (som skildra av toffskij over), og skriv så kort og direkte som du klarar.
No skriv eg bokmål på jobben, og eg merkar at eg skriv dårlegare tekstar enn før. Det blir mykje lengre setningar, og mykje meir omstendeleg kansellispråk.