Men du Zoë snakker om individnivå og rine snakker om samfunnsnivå. På samfunnsnivå er det eit problem med for mange som hever trygd av ulike slag. På individnivå er det mange einskildskjebnar.
Eg kan skrive under på at det er ei rekke stigma knytta til å vere langtidssjukemeldt. Det er ikkje noko du kan synse deg bort frå, rine. Samtidig har du og heilt rett i at det i mange tilfelle er for lett å få sjukemelding for folk som har andre problem enn sjukdom. (...). Og sjølv om sjuke folk ikkje kan skjerpe seg friske, trur eg rine har heilt rett i at det er mykje som sorterer inn under sjukemeldingar som ikkje høyrer til der, fordi vi nordmenn har ei forventning om at staten skal forsørge oss når vi ikkje har tid/overskot/ork/kapasitet til å ta ansvar sjølv. Og dette er eit problem, på samfunnsnivå.
Likevel blir det heilt feil å gå einskildpersonar i saumane med Kva er di haldning til di sjukemelding og din sjukdom-retorikk. Det skaper bare skam. Eg er sjølv i ein prosess kor eg håper eg skal finne ein plass eg kan ha i arbeidslivet, til tross for store fysiske begrensningar. Eg har rett på AAP, men eg ser på det som absolutt siste utveg. Om eg skulle velje det, blir det eit tungt val for meg, og då ser eg føre meg at det vil bli ein tilleggsbelastning å måtte "stå for" det valet i sosiale samanhengar, overfor framande og ukjende.
Eg trur at det at det er så lett å få sjukemelding, er eit samfunnproblem som gir seg utslag i ein ekstrabelastning for individ som faktisk er sjuke. Det er nok dei som kan skjerpe seg ut av trygdemottakarrolla, det er dei som ikkje høyrer heime der og det er dei som ikkje får brukt restarbeidsevna si, fordi det ikkje er attraktivt nok å arbeide når ein får betalt for å gjere ingenting. Og det er dei rine snakker om. Men det er og dei som faktisk er sjuke og som treng dei velferdsgodene for å klare seg. Og for dei er det stigmatiserande å alltid bli plassert saman med dei som bare kan skjerpe seg utav problema.
nokon
23k innlegg