Simone skrev:Eg sa:
Eg kjenner nemlig ein sånn person, ikkje her inne, men på jobb. Sidan eg har møtt ein sånn ein i virkeligheten tenker eg at det kanskje finns eit eksemplar her inne også. Musikk er omtrent livet for han og han har virkelig problemer med å like mennesker som innrømer opent at dei liker Justin Bieber. Eg liker heller ikkje Justin Bieber, men musikk er ikkje så viktig for meg, så det plagar meg absolutt ikkje at andre likar Justin Bieber. Han som har problemer med å like folk som liker Justin Bieber er ellers ein knakande kjekk og grei kar. Eg har absolutt ikkje noko å utsette på menneskesynet hans sjølv om han er litt streng når det gjelder musikk.
Eit anna eksempel: Ei veninne av meg, som er singel, og også er veldig glad i musikk, hadde med seg ein fyr heim frå byen ei natt. Då det kom fram at han aldri hadde høyrt om U2 var han med ein gang utelukka som mulig kjæreste. Ho sa takk og farvel og har aldri snakka med fyren igjen etterpå. Veldig kjekk og grei jente det også. Har ingenting å utsette på menneskesynet hennas heller, men tenker at ho kanskje kjem til å fortsette å vere singel dersom ho skal vere så kresen.
Poenget er at dersom du har eit tema eller ei kampsak du er over gjennomsnittet opptatt av vil du gjerne ha litt lavare tankar om personar som ikkje deler ditt syn. Det kan vere noko så simpelt som musikk eller viktigare ting som palmeolje, Nestlè eller sikring av barn i bil.
Eg fekk virkelig pepper her inne ein gang då eg buste ut med at eg ikkje orka å stresse med å boikotte palmeolje akkurat no. Gjett om eg var eit dårlig menneske, då!
For meg er røyking ei slik kampsak. På grunn av personlig erfaring og forskningsfeltet mitt er dette veldig viktig for meg. Då er det veldig vanskelig for meg å godta at folk med barn fortsetter å røyke.
Vi kan godt ta samme diskusjon om sykkelhjelm, som er mi andre kampsak. Eg er nok like fordømmande der. Kanskje endå meir sidan det virkelig ikkje skal mykje til for å klare å kjøpe og ta på seg den hjelmen.
Jeg har ikke lavere tanker om personer som ikke er som meg, ikke engang de som ikke leser bøker har jeg lavere tanker om. Enda så viktig jeg synes det er.