Maverick skrev:
Selv om jeg kanskje burde krevd at de innrømmer at de har manglende omsorgsevner og derfor kan skade barna sine?

Igjen: Eg seier ikkje at dei som røyker har manglande omsorgsevner, men på sikt kan røykinga gi dei helseplager som vil gå utover barna. Pluss at barna før eller seinare lærer å lese og ser at det står "Røyking dreper" på sigarettpakken og då kan dei plutselig i tillegg få belastninga med at dei blir redd for at mamma eller pappa skal dø.
Eg kan godt innrømme at det er mange ting eg kunne forbedra ved meg sjølv som igjen ville forbedra min omsorg for barna på sikt. Har ikkje vi alle det?
Eg kunne gått foran med eit godt eksempel i forhold til kosthold og mosjon og pusha litt meir på for at heile familien kunne blitt meir aktive. Eg kunne anstrengt meg litt meir for å lage sunne middagar kvar dag.
Eg kunne anstrengt meg litt meir med husarbeidet og blitt flinkare til å inkludere barna i dette i staden for å sitte i sofaen og irritere meg over alt rotet.
Dersom eg hadde trent meir hadde eg sikkert hatt meir ork til å vere i aktivitet med ungane.
Eg syns ikkje menneskesynet mitt er noko ille fordi om eg likar folk litt mindre når dei røyker. Mange har langt dårligare unnskyldningar for å ikkje like folk enn det.
Likar du alle mennesker i heile verden like godt, Maverick?
Eg er ganske opptatt over å få mine barn til å forstå at alle mennesker er like mykje verdt. Dei som røyker er på ingen måte mindre verdt enn andre. Dersom ein likestiller orda respekt og verdi blir det eg har sagt veldig ille. Men det er ikkje det eg meiner. Når eg seier respekt tenker eg at det betyr det samme som bokmålsordet "anseelse" . Sjølv om alle mennesker er like mykje verdt er det ganske så vanlig at vi gir nokre mennesker høgare "anseelse" enn andre basert på eigenskapar ved personen. Ein har ikkje automatisk eit dårlig menneskesyn av den grunn.