Honeybunny skrev:Vi kommer faktisk til å holde Lillebunny hjemme fra bhg den dagen.
Bhg har nemlig som tradisjon at alle, både barn og ansatte, kler seg ut i de skumleste kostymer og spiser godteri gjennom dagen.
5-åringen her er veldig redd for alt av utkledning og særleg masker. Ho har vore sånn så lenge eg kan hugse. Eg trur det er pga. at ho ikkje klarer å lese ansiktsuttrykka når andre har maske på. Ho er i og for seg ikkje glad i utkledning utan maske heller.
Me har sendt ho i barnehagen når det har vore karneval, men dei tilsette har fulgt henne tett opp pga. dette. Halloween har dei heldigvis aldri markert der.
Dei to siste åra har ho vore tiltakande uroleg jo nærmare Halloween me kjem. Ho ser reklame og ho ser utstilling og ho høyrer andre barn snakke om det. I natt hadde ho to omgangar med mareritt pga. dette. Ho blir engsteleg kvar gong det ringer på døra, og no vil ho aller helst reise til tante så snart som mulig for å slippe unna Halloween-besøk. Ho vil heller ikkje ha besøk av julenissen...
No er jo vår 5-åring litt i overkant nevrotisk når det kjem til dette. Men me har derfor ikkje opna døra når det har komme Halloween-besøk.
Eg er ikkje begeistra for tradisjonen i seg sjølv, men når ho reagerer såpass kraftig på utkledning og særleg på masker, blir det jo ekstra lite interessant.