Sat på hotellrommet og skribla litt i går. Kanskje nokon kan la seg underhalde litt:
Vi hadde ikkje leikeplassar frå kommunen på den tida. Men det gjorde ingenting. Vi hadde fjøresteinane, vi hadde skogen, vi hadde grøftekantar med uante skattar, vi hadde tida og vi hadde kvarandre.
Det er rart korleis minner vert skapt, lagra, modna og utvikla før dei vert tatt fram mange år etter. Som ein god ost, eller ein vin. Det som var fint har tatt bolig i det inste, heilt nærast hjartet.
Eg har lyst å opne denne eventyrboka av fargerike minne frå barndommen. Den trygge staden der alt det gode ligg arkivert. Eller, arkivert. Alt ligg i eit kaos. Eit nydeleg, barnsleg kaos der impulskontrollen er lav og naiviteten deilig frigjerande.
Tenk å vere så heldig å finne eit ekte dinosaurskjelett i skogen. Vi fann det, lett dekt av mose, i ein liten skog. Tenk. Ein dinosaur. Den spanande sitringa i kroppen medan forsiktige, men dog så uvørne, barnefingre leita fram dei kvite beina. Den mørke, jordlege lukta av mosen var som eksklusiv, sjeldan parfyme, kun tilgjengelig for oss utvalde. At skjelettet berre var ein skalle brydde vi oss ikkje om. Men at arten vart stadfesta å vere sau, truleg frå nabogarden, det var ein nedtur. Men det var spanande likevel, å kunne studere tennene (vi meinte nok framleis at dei var litt for spisse og skumle til å ikkje vere dinosaur), og pirke litt i håp om finne ein liten rest av hjerne inni kraniet. Utforskaren i oss var aktivert.
Eit steinkast unna denne lille skogen låg min favorittplass av alle, fjøra. I timevis kunne vi gå fjørepatrulje. Finne skattar i form av fine steinar, skjell, vekstar og dyr. Vi hadde friheit under ansvar. Båten fekk vi bruke når vi ville. Vi rodde, fiska, mista årene og frykta vi ville drive til verdas ende, bada og leika oss.
Ein annan ting vi gjorde var å koke tanglopper og småkrabbar på bål. Ikkje for å ete dei. Ikkje var det små lystmordarar i oss heller. Det var vitebegjæret og den nevnte utforskaren. Kva var det som skjedde når dei vart kokt? Dei endra farge! Korleis hadde dette seg? Vi undra oss og studerte. Vi måtte lage teoriar sjølve, prøve å forstå og så kunne vi spørre dei vaksne når vi kom heim, sånn eit stykke forbi avtalt leggetid. Med saltvatn i håret, sand og leire mellom tærne og ein smak av Fluxtablett vart dagen takka av med ei takksemd som vi nok ikkje reflekterte over den gongen.
Med åra så kom behovet for å utvide nedslagsfeltet litt. Verda vaks seg større. Organiserte aktivitetar ga oss vener frå andre grender i bygda og etter kvart vart den veksande leikeplassen ein tumleplass for born på vegen til ungdom. Ganske trygt, litt skummelt, veldig spanande. Let eg att augene så kjenner eg lukta av den tida også. Juicy Fruit, heimelaga sjokoladebollar og pommes frites med eddik og salt på Basse.
Å bli stor betydde så mykje, mellom anna å henge i og rundt telefonkiosken. Dette hadde vi observert at dei store, dei som var tøffe og utilgjengelege, hadde gjort i mange år. Endeleg var det vår tur. Rundt den raude, lille bua låg det slengt syklar og blanke tyggegummipapir og kanskje ein ungdom eller to. Men dei fleste var inne i telefonkiosken. Var vi få så var det tulleringing som gjaldt. Det gjekk an, utan pengar, å ringe eit nummer utan å få prate. Men av og til var det ei krone eller to til overs og då kunne vi tulleringe. Helst til ein heim der det budde ein interessant gut, det kunne jo vere at han tok telefonen. Å slå nummeret, kjenne spenninga, som om magen er full av bruspulver og vente. Eitt ring, to ring, tre ring… Så snart nokon tok telefonen var det to val. Anten var det han som tok telefonen og knis, flir og slenge på røret, kanskje ispedd eit slags hei, ellers var det nokon andre i husstanden som var i den andre enden og då var det knis, fnis og slenge på røret, helst med eit “eg har visst ringt feil”. Uansett utfall var slike “samtalar” noko vi kunne leve lenge på.
Men, om sant skal seiast, så var telefonkiosken minst av alt ein stad å ringe for vår del. Det var ein stad å møtast. Ein stad der jente- og gutekroppar kunne trykke seg tett inntil kvarandre utan at det låg noko forventning eller krav i det. Det var om å gjere å få plass til så mange som mogleg på ein gong, det var jubel og latter, det var fellesskap og nærheit. Det var oss. Oss. Ein flokk unge ungdommar, på veg for å finne oss sjølve og kvarandre. Tett i tett, i ein liten telefonkiosk. Utan luft. Utan bekymringar.
For å avrunde denne lille turen gjennom eventyrboka vil eg ut i naturen. Det er eit minne som kjem til meg fyrst og fremst som lukt. Det er lukta av røsslyng, mose og raudsprit. Og kakao. Det kunne vere snakk om dagstur eller overnattingstur, men å fyre opp stormkjøkkenet, varme vatn og lage ein kopp med rett i koppen-kakao, noko som var ei nyvinning, nesten for godt til å vere sant, er eit minne som sit som lukt. Eg kan eigentleg ikkje hugse kven eg var på tur med, eller kor vi var. Men let eg att augene så kjenner eg lukta og eg veit at ja, dette var og det var fint.
Og slik er det eg vil hugse oppveksten. At den var og at den var fin.