Eg blir gretten av brødristaren vår. Den er liten, så brødskiver frå runde/ovale brød må delast opp, den ristar brødet dårleg osv osv. Det er enkelt og greit lite positivt å seie om den.
Planen er å kjøpe ein ny. Design betyr lite og ingenting. Ikkje har eg ynskje om å bruke så mykje pengar på den heller. Så om du veit om ein rimeleg brødristar som har plass til 2x2 brødskiver og som ristar brødet gyldent og fint utan å tørke det heilt ut, gi meg gjerne eit tips.