nokon skrev:
Eg lurer veldig på korleis ansvarsfordelinga internt, mellom Erna og Siv, eigentleg er. Eg mistenker at sjølv om det heiter at statsministeren vel sine statsråder, er ikkje det tilfelle i realiteten.
Det blir spennande å sjå om dei kjem opp med eit alternativ til Sandberg, eller ikkje. Eg klarer ikkje sjå føre megabit han skal fungere i ein så tung stilling.
Eg veit ikkje. Fiskeriminister er veldig faglig tungt, det er jo difor vi ikkje har sett så mykje til han i media i det siste. Eg hadde aldri trudd at eg skulle seie dette, men har han eigentleg gjort det så halvgale som fiskeriminister? (Sett vekk frå korrupsjon og slikt, men det må ein vel nesten forvente.) Den striden mot EU om krabbekvoter har han stått i, og sjøl om han rotar til ting her og der, så har eg ikkje sett han rote til så mykje utanfor fiskerifeltet?
Det eg eigentleg prøver å seie er at finans og fiskeri er gode postar å plassere FrP i. Der er det så mykje som er så komplekst, og så seige byråkratar, at dei har nok å ta seg til innanfor fagfeltet; dei har ikkje tid til å vere lause kanonar utanfor.
*evig optimist*