løve70 skrev:
Det er jeg også veldig enig i! Hvorfor er det for tøft å jobbe i 100% Grunnet håpløse skiftordninger?
Eg er norsklærar. Samanlikna med andre fag, skal kvar elev ha tre karakterar i faget. Dette betyr at vi har tre gonger så mange elevarbeid vi må rette som lærarar i andre fag. Sjølv har eg heldigvis to støttefag, slik at eg ikkje treng ha 100% norsk. Men eg ser at det å ha karakteransvar for meir enn 60 elevar (40-60% stilling, avhengig av årstrinn), er vanskeleg gjennomførbart fordi det blir for mange rettebunker. I fjor hadde eg 90 elevar (70 % norsk) og jobba frå 8-22 pluss helger, 4/5 vekedager. Eg meiner det er noko gale med utrekninga av stillingsprosent, i dette tilfellet. Faga får prosent basert på timetal, ikkje rettebyrde. Det betyr at ein mattelærar som underviser fem timar i veka og skal sette 30 karakterar, har 25% stilling, medan ein norsklærar som underviser fire timar i veka og skal sette 90 karakterar har 20% stilling.
Og det er ein klar tendens på min arbeidsplass til at kvinnelege norsklærarar går ned til 60-80% for å meistre kvardagen, medan mannlege norsklærarar "effektiviserer" i form av å vere mindre grundige (det er i alle fall det rådet dei gir) og står på krava i høgare grad enn kvinner, med tanke på å få færre norskklassar og meir andre fag.
Det er kanskje ein kjønnsforskjell i forhold til at kvinner trekker seg tilbake i frivillig deltid, medan menn forhandler seg til meir komfortabel arbeidsbyrde. Og kanskje er kvinnene ansvarlege for dette. Og menn er kanskje flinkare til å tilpasse tidsbruken til den faktiske arbeidstida. Eg veit ikkje. Likevel er det ein tendens til at mine kvinnelege kollegaer trekker seg unna arbeidsplassen og går ned i lønn.