Vi valde parkett av to grunnar. For det første er den laminaten vi har på kjøkkenet allereie begynt å boble opp i overflata, etter to år, sjølv om vi har vore nøye med å tørke opp vatnsøl, raskt, etter at vi har søla. Det tåler veldig lite vatn. Nå har eg høyrd at høgtrykkslaminat skal vere betre, på dette området. Men vi kjem til å leggje gulvbelegg oppå. For det andre er parkett er varmare enn laminat. Det er hovudargumentet vårt, i og med at det er uisolert kjellar (det skal vi gjere noko med) under stova og veldig gulvkaldt.
Når vi har vald parkett, har vi vald 14 mm. Dei seier det lønner seg å velje minst 11-12 mm. for å ha noko å slipe ned på. Vi gjekk også for mattlakkert av vedlikehaldshensyn, sjølv om olja er veldig mykje finare.
Dersom ein går for trestavs-parkett, treng det heller ikkje vere så veldig mykje dyrare enn kvalitetslaminat. Skal ein ha einstavs-parkett, blir det veldig dyrt og då lønner det seg også å gå for laminat.