Eg var i Ecuador og besøkte lokale venner for mange år sidan. Dei var på min alder (nokonogtjue) og budde heime (heilt naturleg i land utan studiefinansiering). Eg var *veldig* overraska over at dei delte rom sjølv om dei hadde digert (4-5 gjesterom) hus. Men det var heilt vanleg og naturleg for dei, venninna mi (som var rundt 20-22 år) grua seg til storesøstera skulle flytte ut etter mastergraden sin, for då måtte ho jo bu aleine der...
Vi kjem til å ha ungane på samme rom når toern flytter ut frå vårt rom sånn rundt juletider ein gong. Vi prioriterer gjesterom ei stund til, mest av alt fordi rommet må pussast opp ganske mykje, og vi orker ikkje la Ungen flytte inn dit då og så ut att når vi finn det for godt å prioritere oppussinga. Dessutan er det kjekt med gjesterom 😀 Så vi må finne ei løysing for gjestar på loftet, men det må *også* pussast opp litt først - helst.
Skulle det skjære seg og ungane ender med å halde kvarandre våkne så ofrer vi dog glatt gjesterommet og styrer med oppussinga seinare uansett. Blir styr, men om vi sender ungane ei veke på landet til besteforeldra så går det vel an, tenker eg.
naima
572 innlegg