Me hadde aldri badevekt heima, og eg har aldri hatt det så lenge eg har budd for meg sjølv. Men da eg flytta saman med mannen for 8 år sidan kom det mykje rart med på lasset, også badevekt.
Likevel er det først dei siste åra at eg har byrja å bruke badevekt på fast basis. Grunnen til det er at eg er omtrent blind på dette med å legge på seg, men også på dette med å gå ned i vekt. Folk skal ta av eller legge på seg svært mykje før eg ser det. Eg er alltid den siste til å sjå sånt. Dessverre har det også vore gjeldande for meg sjølv. Plutselig hadde eg lagt på meg 12 kg. Heilt ut av det blå. Sånn kjendes det. Og 12 kilo er mykje når utgangspunktet var rundt 60 kg.
Sjølvsagt sneik kiloane seg på litt etter litt, men eg merka det ikkje! Virkelig ikkje. At eg til slutt omtrent utelukkande gjekk vide treningsklær gi eit hint. At eg såg framand ut på ale bilder burde også gi eit hint.
For å komme til poenget; no veger eg meg med ujamne mellomrom for å hindre at det sniker seg på ein kilo her og ein kilo der. Da kan eg ta grep før det brått blit 12 kilo sånn som sist. Forøvrig er eg tilbake til "normalvekt" etter å ha gått ned fem kilo i tre omgangar, altså 15 kg.
Veit ikkje heilt kva eg skal svare i pollen, for det er så tilfeldig kor ofte eg veger meg. Det kan gå mange månader der eg ikkje veger. Så kan det vere periodar der eg gjer det kvar dag.