Eg synest det høyrest ut som om pedagogisk ledar-venninna di er veldig lite oppdatert på teieplikta, Simone. Uansett - slike historiar blir veldig spesifikke. Mitt poeng var bare at eg synest "Au pair!

"- historiane er veldig dominerande og framstiller det som om folk som bruker denne ordninga er ignorante foreldre som neglisjerer ungane sine og overlater dei til slaver. Det treng ikkje vere tilfelle, det er mange grunnar til at folk kan trenge hjelp og avlastning i heimen. Dei offentlege støtteordningane strekk ikkje alltid til og då er det å betale for hjelp ofte ei løysing ein må ty til.
Guava skrev:
Men bare det å få kompensasjon for delt dagsverk, samt å få avspasert det man jobber over på tidspunkt mens ungene har fri. Det høres veldig fint ut.
Det er veldig gode avtaler lærere har, selv om lærere nesten er forpliktet til å si det motsatte.
Då eg jobba som lærar var realiteten ein heilt anna. Ein får kun kompensasjon for det ein er pålagt å jobbe på kveldstid. Det at det i mange fag ikkje er mogleg å gjennomføre og gjere ein god jobb på 44 timar og dermed ender opp med å jobbe kveldar og helger er ein i større grad realiteten. Eg føler meg ikkje forplikta til å seie det motsette, men eg kjenner at belastninga ved å ha komprimert arbeidsåret til 39 veker, er så stor gjennom arbeidsåret at yrket verken opplevest som gullkanta eller attraktivt.