Charlie;4612511(....) skrev:
Lurer også på hva V-velgere tenker om å støtte en regjering med Frp. Lurer helt på ordentlig. Noen som vet?

Eg har stemt V! 🙂 Eg stemmer Venstre, og vil ha FrP ut av regjering. Spent på forhandlingane etter valet; motstanden mot FrP er nok stor internt i Høgre også. Sannsynligvis blir KrF og V for små - sjølv med eventuell støtte frå MDG. I så fall får eg uansett ikkje ei regjering eg vil ha.
Eg mislikar sterkt polariseringa i debatten. "dersom du ikkje er med oss, så er du imot oss". "Svar ja eller nei". Alt er svart/kvitt. Det finst nesten ikkje plass, og politisk sentrum blir oksygenfattig. Men eg vil ikkje oppgi mine kjerneverdiar, og eg tilhøyrer sentrum.
Venstre er eit parti som utan sjenanse stadig er i drøfting med seg sjølv. Dei har likevel klart å bidra til å demme opp for store delar av FrP sin politikk i heile denne perioden (med unntak når AP gir FrP ryggdekning 🙁 ). Regjeringa sin politikk har blitt grønare og meir gründervenleg. Asylbarna fekk bli. Lofoten ligg der - enda. Listhaug kompenserer med hatefull retorikk (
men ingen politikk) og melder seg ut av regjeringa som Venstre ønskjer. Eg meiner at det må vere eit mål å mobilisere rundt sosiale og liberale verdiar, ikkje flykte frå dei. Jo større Venstre, jo mindre gunnlag for både FRP-politikk og fossilkonservativ miks av AP/SP. Mi stemme til Venstre er 100% ei stemme til Venstre - å påstå noko anna er bortimot ein fornærmelse av demokratiet og det parlamentariske systemet.
Og så stemmer eg for at integreringsministeren skal heite Abid 😀 Om ikkje i år, så kanskje når ei blåblå regjering må gå? Klikk og dans:
https://www.facebook.com/abid.raja/videos/1288095671225784/?hc_ref=ARQZXjcmWd_rVdN9wpDAXGMPc90A0FyD3AdYw8BKTGXedvX5GaxrmnjMXK7zm47xWfg
https://www.youtube.com/watch?v=iZiIM5yiOdU&t=86s