Ole Brumm
16k innlegg
Der ramla eg av lasset, anbehetelse-ord.
Er det dei orda som er i parentes i ordboka, altså den mest radikale varianten eller noko heilt anna?
Startet av zeppelin 97 svar 27k visninger
Til nyesteOle Brumm skrev:Der ramla eg av lasset, anbehetelse-ord.Er det dei orda som er i parentes i ordboka, altså den mest radikale varianten eller noko heilt anna?
bai skrev:Eg bruker anbehetelse-ord fordi eg har eit pragmatisk og kommunikativt formål med det eg skriv. I jobbsamanheng unngår eg det, men eg kan ikkje fordra å skrive "røynda" og "løyndom" og slikt. Eg trur at i eit kommunikasjonsperspektiv fungerer det betre å ikkje velje for tunge former.
Toffskij skrev:Eg trur sjølvsagt også det, men nynorsken har ein tung bagasje av tradisjon, tabu, paranoia og vage kjensler av at noko ikkje er heilt bra, og det trur eg òg er mykje av problemet. Det er med på å få folk til å hoppe av som nynorskbrukarar, og det får folk til å vegre seg mot å lære nynorsk. At det liksom skal vere valfridomen i seg sjølv som er problemet, trur eg rett og slett ikkje på.
bai skrev:Må for øvrig legge til at et valde å skrive masteroppgåva mi på bokmål, for å styre unna eventuelle surmaga sensorar, som kunne komme til å henge seg opp i denne typen val.
Toffskij skrev:Kanskje litt kryptisk formulert av meg, bai (og det endå det er ein av kjepphestane mine). Eg meiner vel berre at det er for mange motstridande tradisjonar og normsett i nynorsken, og for mange mørkemenn og fraksjonar. Og ikkje noko av dette er eigentleg skrive ned nokon stad, så det blir vanskeleg for folk å navigere.
Polyanna skrev:Eg synest (synes? Synst??? Nektar å skrive Tykkjer, altså!) at det er litt smakssak og. Når enkelte skriv så bokmålsnært at du inne teksten snur han til bokmål i hovudet, før du må vrenge tilbake igjen til nynorsk, sånn samnorsk, då blir det veldig slitsomt å lese. Det er ein eller annen aviskommentator som skriv sånn (eller er det radikalt bokmål han skriv?), og det gjer veldig dårlig flyt.
Men krøkkete og stive og lite brukte vendingar som på død og liv skal brukast fordi "sånn er det", det har eg ikkje sansen for.
Hondacrv skrev:Oj. Eg skreiv mi på nynorsk, i Bergen, med ein rettleiar som har sterk dysleksi.
Toffskij skrev:Dokker er lov i nynorsk no frå 1. august, både som subjektsform og objektsform.
Og elles er eg ikkje samd med deg, gajamor, eg trur ikkje ein enda større/total valfridom er vegen å gå. Skrift og tale er to ulike ting, og skriftspråket må alltid vere ei idealisering og forenkling i høve til talespråket. Det er berre ein representasjon, kor som er. Slik sett er det ingen skilnad på bokmål og nynorsk, og det synest eg heller ikkje det skal vere.
Og folk likar ikkje valfridom heller, dei likar reglar. Tru meg, eg har hatt fleire jobbar med element av språkrådgiving i seg, og folk blir berre sure og frustrerte om svaret på spørsmålet deira er «Båe er like bra.»
zeppelin skrev:Monge gode innspel her. Takk for engasjementet. Finnes det eit godt nynorsk ord for engasjement?
Eg trur heller ikkje valfridom er ein god ting, stort sett. Det blir berre meir å diskutere og ta val på.
Mener forresten å ha lese at formen bare går ut, og at no er berre berre lov. Må sjekke opp om eg hugsar rett... Fekk nett informasjonsbrosjyre frå språkrådet i posten.
Logg inn for å svare i denne tråden.